Tradisjonell Potetball, kokt
Tradisjonell Potetball, kokt (3-4 porsjonar):
Dette treng du:
To pakkar Volda Potetball (berekn ein til to potetballar per porsjon)
Bacon etter ønske, om lag 250 gram til 4 porsjonar
Grov kjøttpølse, om lag 350 – 400 gram til 4 porsjonar
Lettsalta fårekjøtt, 1 svineknoke (berekn om lag 330 gram per porsjon).
Kålrabi eller kålrabistappe. Berekn om lag 150 gram per porsjon.
Slik gjer du det:
Legg kjøttet i ein kjele, hell over kaldt vatn og kok opp. Fjern skummet som dannar seg og la kjøttet putre i to til tre timar.
Ta ein del av krafta frå kjøttet, legg i ei kasserolle og hell på kaldt vatn. Gi det eit oppkok, legg potetballane i kasserolla og skru ned temperaturen, trekkast like under kokepunktet. Har du ikkje kjøtkraft? Tilsett ein buljongterning eller 3 ss salt).
Ein mør potetball treng ei trekketid mellom ein til to timar, ønsker du den fastare, er trekketid mellom 45 til 60 min nok. Finn ut kva du likar best!
Del kålrabi i passande bitar og kok ilag med potetballen ca. 35 min før servering. Kålrabistappe lagar du slik; Skjer kålrabi i terningar og kok til dei er gjennomkokt og damp fort av. Tilsett 2 -4 ss margarin og mos med potetmoser eller stavmikser. Tilsett 4-5 ss matfløte eller mjølk og tilpass etter konsistensen du likar, smak til med salt og peppar.
Trekk kjøttpølse i kasserolla saman med potetball, ca. 20 – 25 min trekketid.
Varm opp steikepanna og steik terna bacon etter ønska mengde.
Legg Potetballen saman med dei andre råvarene på tallerkenen.
Server gjerne saman med sukker, sirup, og eit glas kald mjølk eller kulturmjølk.
Nyt ein deilig potetballmiddag, velbekomme!