Mat med tradisjonar
Volda Mat har eksistert sidan 1942, tidlegare under namnet Volda Fiskemat og Volda Fiskematforretning. Sidan den tid har sortimentet utvida seg frå å innehalde tradisjonelle fiskematprodukt til å også innehalde blant anna potetball og Bacalao. Vi utviklar oss i takt med tidene og etterspørselen etter gode, sunne matrettar.
Volda Mat er ein allsidig matvareprodusent der hovudaktiviteten er å produsere eit breitt spekter av tradisjonelle fiskematprodukt. Dei nyaste produkta i sortimentet er kvit og raud bacalao. I tillegg produserer vi potetball (raspeball, kumle) med flesk i to variantar, tradisjonell og glutenfri. Selskapet har lang erfaring og god kompetanse innan matvareproduksjon og blei etablert i 1942.
Våre rasjonelle og effektive produksjonslinjer, godt utstyrte lokale, etablerte rutinar og kunnskap om hygiene og trygg mat, samt motiverte tilsette gjer oss leveringsdyktige til din lokale daglegvarebutikk og aktørar innanfor storhushaldning.
Vår yrkesstoltheit gjer oss genuint opptekne av at produkta skal ha høg kvalitet, levert til rett tid, året rundt. Vi har eit fiskemottak på Rovde som sikrar oss tilgang på fisk til produkta året rundt. Fiskemottaket driv sesongbasert og kor mykje produksjonen er der, avheng av behovet for fisk i Volda Mat.
Produkta våre finn du i dei fleste daglegvarebutikkane på Sunnmøre, samt delar av Vestlandet, Romsdal, Innlandet og Trøndelag. Vi er lokalisert i Furene Industriområde i Volda kommune.